Frå 1. september 2011 tek me ikkje imot nye registratorar til namneindekseringa. Det er heller ikkje mogeleg å reservera nye kyrkjebøker for eksisterande registratorar. Tenesta er under avvikling og fram til 1. desember vil det berre vera mogeleg å gjera ferdig pågåande arbeid.

Alle tenester for Digitalarkivet skal over på ny programvare i haust og tidleg vår 2012. Alle ferdigregistrerte namneindeksar vil flyttast over til ny løysing. Me veit enno ikkje om me kjem med eit tilsvarande tilbod for namneindeksering i ny løysing, så dei pågåande arbeida bør gjerast ferdig om det er mogeleg før 1. desember i år.

Registratorar er informert i eige brev.

Rettleiing til namneindekseringsprogram

Historikk/Bakgrunn

I samband med publiseringa av dei skanna kyrkjebøkene hausten 2005, vaks det fram eit ynskje hjå brukarane om eit betre framfinningsverkty. Behovet for eit namneregister var tydeleg og fleire brukarar sende inn register til Digitalarkivet. Me skjøna at ein standard for korleis namneregistra skulle sjå ut, var naudsynt. I staden for berre å laga eit strukturoversyn, laga me likså godt eit verkty ein kan nytta for å registrera namna i ei skanna kyrkjebok. Her vil strukturane for dei ulike kyrkjebokskjemaa vera innarbeidd.

Føresetnader for å bruka programmet

For å kunne ta programmet i bruk, må ein vera registrert hos Digitalarkivet og ha fått tildelt eit brukarnamn for den kyrkjeboken ein ynskjer å arbeida med. Send ein e-post til digitalarkivet@arkivverket.no med fullt namn og kontaktopplysningar, og legg ved lenke til kyrkjeboken som skal registreras, lenka hentar ein herifrå: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read . Ein kan berre reservera ei bok om gongen.

Merk og at det kun er mogleg å registrera kyrkjebøker med skjema som går over to sider (eitt oppslag). Kyrkjebøker frå før 1815 vil alminneleg ha for mange hendingar per bilete og vil ikkje passe inn med programmet slik det er utvikla per i dag. Sjå døme her.

Programmet krev at ein er pålogga internett heile tida og det er også ein god ide å slå av oppdatering av internettsida om ho står innstilt på oppdatering kvar gong sida lastar. I Internet Explorer kan ein t.d. stilla ho inn på ”automatisk”. Me oppfordrar namneregistratorar til å nytte ei nyare versjon av Opera – denne nettlesaren fungerer optimalt. Opera kan lastas ned gratis frå internett, med både engelsk og norsk (begge måla) språkdrakt: http://www.opera.com/

Rettar til dataa

Merk at registreringane vert lagra på ein server hjå Digitalarkivet og ikkje på den lokale pc-en. Når ein er ferdig med registreringa av ei kyrkjebok, gjev ein beskjed til Digitalarkivet som så kontrollerar fila og legg ho ut i eit globalt søkbart namneregister, samstundes vert ei kopi av fila send til registrator. Registrator eig ikkje namneregisteret og får ikkje tildelt rom i Digitalpensjonatet som ved ei komplett registrering av ei kjelde. Digitalarkivet kan difor distribuera namneregistre til andre registratorar som måtte ynskja å fullregistrera kyrkjeboka for utlegging i Digitalpensjonatet. Dei som lagar namneregistre vil få ein stor takk og namnet sitt på ei liste over bidragsytarar.

Ta i bruk registreringsprogrammet

  1. Opne denne sida og logg på med brukarnamnet du har fått tildelt: http://da2.uib.no/cgi-win/webindeks.exe

    Du skal no sjå eit bilete av fyrste sida i kyrkjeboka med innføringar frå presten. Fyrste gong ein opnar sida kan det ta tid før heile bilete er på plass, dette er styrt av den internettilkoblinga du har til internett og om du har føreteke dei rette innstillingar i nettlesaren. Sjå Føresetnader for å bruka programmet.
  2. For å starte registreringa klikkar du på eit av tala framfor personen du skal starta med. Det er alltid ein god regel å starta med fyrste personen på ei side. Etter å ha klikka på eit tal skal du sjå ein registreringsboks. Om denne legg seg over heile eller delar av raden du skal registrera så klikkar du på eit av tala nedanfor og boksen flytter seg nedover. Om boksane for tekst ikkje synes må du velje ei handling i rullemenyen. Klikk for eit større bilete:
  3. Før første gongs registrering sjå til at oppsettet er korrekt, merk at skjemaet kan vere tilpassa slik at boksane for teksten står rett under felta i kyrkjeboka, bruk <<<< og >>>>> for å justera. Klikk på biletet for ein større versjon:
  4. Skriv bokstavrett av det som står på sida, jamvel om du meinar det er feil. Nytt standard spesialteikn (sjå side 18 i Kyrre). Ikkje forkort namna så lenge dei er skrive fullt ut i kyrkjeboka. Hansen og Nilsdatter skal skrivast slik og ikkje Hans. og Nilsdtr.
  5. Om du vil ta opp att noko du hadde registrert feil, klikkar du på det grøne talet der registreringa ligg og du får sjå skjemaet med innførslane. Gjer dei nødvendige rettingane og lagre. Klikk på biletet for ein større versjon:
  6. Du kan ta pause, gå bort frå vindauget i nettlesaren kva tid du ynskjer. Så snart du vil ta fatt igjen, loggar du på og du får då sjå siste sida du registrerte. Sjå til at oppsettet er korrekt og ta fatt på registreringa.