English

Eit tidsbilete frå 1860-åra
Folketalet i Noreg tok for alvor til å vekse frå 1770-åra av. Etter ein periode med stillstand først på 1800-talet kom det ny vekst frå om lag 1815. Men folketalsveksten var slett ikkje resultat av økonomisk vekst eller betre tider. Tvert i mot ser det ut til at ressursgrunnlaget i lita grad vart utvida, og resultatet vart auka fattigdom. Rundt 1840 låg talet på fattigunderstøtta på sitt høgaste, og i Bergen var om lag 10% av folket på fattigkassa, mot 3-4% i vanlege år.
Fleire kjennemerke på vanskelege tider er lette å finne, kroppshøgda til soldatane var rundt midten av 1800-talet på sitt lågaste kjente nivå, og sjukdommar som lepra breidde om seg. Bergen hadde for store delar av Vestlandet gjennom generasjonar vore den store mottakaren av dei som flytta frå bygdene. I første halvdel av 1800-talet var det få ledige arbeidsplassar i Bergen, og utflyttarane måtte finne seg andre reisemål, eller dei som ville flytte måtte verte buande, og rydde seg plassar eller gå som tenarar på låg løn. Det kom nokre tiår med relativt stor flytting nordover til kysten av Nord-Noreg.
Den første organiserte utvandringa frå Bergensområdet til Nord-Amerika kom i siste del av 1830-talet. Men så kom ei ny tid. På 1840-talet kom industrialiseringa og utnyttinga av vasskraft i gang. Det vart bygd fabrikkar som etter kvart gav sysselsetting til mange familiar. Vi ser og eit heilt nytt kommunikasjonssystem vekse fram: jernbane, damskipsfart, nye vegar. Tidlegare hadde vegane vore til å ri etter, og dei gjekk stort sett etter kortaste line over knausar og berg. Midt på 1800-talet vart strategien ein annan. Vegane skulle vere til å transportere varer i vogn. Då måtte motbakkane vere korte, og vegane skulle heller svinge seg rundt enn å gå over.
Politikarane var reformorienterte og det vart teke intitiativ til ei fullstendig omdanning av samfunnet. Det lokale sjølvstyret kom sist på 1830-talet, skulevesenet og fattigvesenet vart omorganisert. Jordbruket vart endra, nye produkt vart tekne i bruk, det vart oppmuntra til jordskifte. På få år på 1850-talet kom det nye lover for jarnbane, vegar, reform av fengselsvesenet, jordskifte, helsestell. Det vart bygd nye hospital. I Fana ser ein lett dei store endringane. I 1815 hadde berre 31 prosent av bøndene i Fana vore sjølveigarar. I 1875 var andelen oppe i 88. Systemet med lystgardar vart avskaffa, og erstatta av vanleg gardsdrift. Folketalet i Fana auka frå 2100 i 1801 til 4000 i 1875. I 1875 var nesten 20% av hovedpersonane i hushalda i Fana arbeidarar, handverkarara, sjømenn eller fiskarar.
Gjennom fire generasjonar hadde Stend vore eigd av familien Krohn. I 1842 kjøpte Wollert Konow (1809-1881) garden. Han var ein allsidig mann, og hadde bak seg studiar i Tyskland, og doktorgrad om svovel frå Gøttingen i 1835. I nokre år budde han i København og var i fleire år ein produktiv forfattar og skreiv både skuespill og noveller. Han sat nokre periodar på Stortinget. Til Stend kom han med familien sin i 1842. Han bygde mølle, og var oppteken av å forbetre jordbruket. Men økonomien vart etter kvart dårleg, og i 1861 var han truga av konkurs. Då vart løysinga at Søndre Bergenhus amt kjøpte Stend til ny landbruksskule, men Wollert Konow kjøpte attende møllebruket og litt av den gamle garden.
24.04.2009: PaCE-conference in Bergen - April 24-26, 2009. ..more
03.04.2009: Plansjar frå utstillingsopning 29. oktober 2008