English

Eit tidsbilete frå 1680-åra
I 1660 vart eineveldet innført i Danmark-Noreg. Det førte til ei formell styrking av kongemakta, og det var dei gamle adelsslektene som vart mest svekka ved endringa. Men deira posisjon hadde alt i fleire generasjonar vore under press, og mange av adelsslektene var i økonomiske vanskar og hadde pantsett eller selt store delar av jordegodset sitt. Det kan synast underleg, fordi folketalet hadde auka gjennom fleire generasjonar, og med folkeauken auka etterspørselen etter bygslingsjord, inntektene og verdien på jorda.
Dei mange og lange krigane på 1600-talet hadde ført til at store delar av Danmark var herja, og statskassa var kommen i stor manko. Løysinga vart mellom anna å auke skattane, og å selje krongods, titlar og adelsskap. Det var borgarar og den framveksande klassen av høgare embetsmenn som på 1600-talet bygde opp store formuer, og som kunne kjøpe opp både adels- og krongods, titlar og adelsskap.
Bergen var på 1600-talet suverent den største byen i Noreg. Rundt år 1600 ser det ut til at Bergen med sine rundt 16000 innbyggarar var minst like folkerik som København. Det var ein blomstrande handel som sikra den store aktiviteten og det relativt høge folketalet i Bergen. I første del av 1600-talet (1600, 1604, 1618, 1629 og 1637) kom pesten (”Svartedauden”) til Bergen fem gongar, og kvar gong synest den å ha drepe rundt 20% av befolkninga. Det førte til at det stadig vart ledige hus og arbeidsplassar, og innflyttinga til byen både frå utlandet og ikkje minst områda rundt byen var svært stor, men uten at folketalet i byen lenger auka. Etter at pesten vart borte var det mange andre sjukdommar som herja, og det kom mange demografiske kriseår også i siste halvdel av 1600-talet og utover på 1700-talet. Folketalet på store delar av Vestlandet synest å ha gått litt attende mellom 1660-åra og 1700.
Fana prestegjeld låg nær Bergen, og byens embetsmenn og rike kjøpmenn viste på 1600-talet stor interesse for å kjøpe jordegods i nærområdet. Mange av jordeigarane ville drive jorda si som ”avlsgardar”. Det var gardar dei sjølv dreiv ved hjelp av rådsmenn og tenarar, der dei kunne styre drifta og ta fortenesta direkte. Fleire stader vart det konfliktar mellom jordeigar og leilendingane som jordeigaren ville ha bort. Seinare vart mange av avlsgardane gjort om til ”lystgardar”, der jordeigarane bygde seg store herskapshus, anla hageanlegg, dyrka opp jorda og tok i bruk nye jordbruksprodukt og nye driftsmåtar. Til å stå føre drifta hadde dei då oftast forpaktarar på eittårskontraktar. På avls- og lystgardane var jordbruksproduksjonen stor, men rekneskapane viser at jordeigaren mange stader investerte mykje meir i herskapshus og anlegg enn det dei kunne greie å hente ut av drifta.
Garden Stend er ikkje nemnd i kjeldene før på 1500-taletS, men indirekte gjennom nemninga ”Steindarfirdi” på området, skjønar vi at garden har vore viktig i mellomalderen. Garden var klostergods og låg til Nonneseter i Bergen. Den følgde med i godset den danske adelsmannen Vincent Lunge fekk frå kongen i 1528, og var eigd av etterkommarane til Vincent Lunge heilt fram til 1680, då den danskfødde landkommissæren Hans Christophersen Hiort fekk hand om den. Han var ein svært rik mann og kjøpte seg inn i adelen i 1682, og fekk Stend godkjend som skattefri setegard i 1685. Hiort sette straks i gang bygging av herskapshus på Stend, og flytta dit midt på 1680-talet. På 1600-talet var det framleis sjøen som var hovudvegen på Vestlandet, og på Stend vart det spegla tydeleg nok at det var frå sjøsida anlegget skulle komme til sin fulle rett.
24.04.2009: PaCE-conference in Bergen - April 24-26, 2009. ..more
03.04.2009: Plansjar frå utstillingsopning 29. oktober 2008