Vi i Digitalarkivet er svært glade for å kunne markere tiårsjubileet. I god Digitalarkivtradisjon skal vi sjølvsagt gjere det ved å publisere digitaliserte kjelder. Vi har fått bidrag frå Riksarkivet og Statsarkivet i Bergen, DIS-Norge og både "gamle" og nye gjester i Digitalpensjonatet. Med dette vil vi sette tonen for kva som kjem framover i jubileumsåret. Det er mykje meir i vente!
Samstundes har nokre utvalde personar fått skrive om si erfaring med og sine tankar om Digitalarkivet. Det har gitt oss 11 artiklar om ulike emner. Desse presenterer vi her. God lesing!
Ei lenge etterlengta gåve er og klar for alle brukarane av Digitalarkivet: Namneindeksering av dei skanna kyrkjebøkene. Både program for å registrere namn og eit søkeprogram med inngang til kyrkjebøkene ligg klar. I søkeprogrammet ligg ei rekke namneregister som Kari Thingvold har sendt til oss. Tusen takk til henne og alle hennar medregistratorar!
Då gjenstår det berre å takke brukarane for desse ti åra! Det hadde slett ikkje vore så moro for oss om vi ikkje hadde hatt så mange ivrige brukarar!