Digitalarkivet
Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | 1910 | Søk i alle basar | Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
Databaseveljaren
Vel database
Fylke
Kjeldekategori
Underkategori
Tidsperiode

Eller søk etter database
Søkeomgrep
Det er forskjell på store og små bokstavar.
"Aker" vil finna Aker, men ikkje Ullensaker, "aker" finn begge.

Det er funne 322 databasar.
Innskrenk utvalet eller trykk på knappen under.



Dokumentasjon
1801-teljinga er inntil vidare ikkje del av søk gjennom alle baser. Derimot kan du no søka i heile teljinga på same måten som du elles søkjer i einskilbaser. Folketeljinga 1801

Folketeljinga 1801

Ved reskript av 28. november 1800 vart det utsendt kongeleg befaling om å halda folketeljing i Danmark, Noreg og på Island den 1. februar 1801. Resultatet vart den første nominative folketeljinga i Noreg, dvs. den første teljinga som inneheld namn og andre opplysningar for kvar einskild innbyggjar i landet.

Ved hjelp av søkjeskjemaet ovanfor er det mogleg å søkja i folketeljinga 1801 for heile landet. Ein søkjer på ein og ein variabel og snevrar inn etter kvart. Det er no også mogleg å søkja på gardsnamn i kombinasjon med andre variablar. Om du vil søkja berre på gardsnamn, trykk på lenka "Finn gardar".

Om du berre vil søkje i eit prestegjeld/ein kommune, kan du velgja område i menyane til venstre.

Folketeljinga for 1801 finst også som koda versjon. Denne er kanskje ikkje den første du bør ty til om du vil leita etter personar, men den er grei om du vil laga tabellar. Sjå her.

Det finst lakuner i teljinga. Originallistene til Holt og Dybvåg i Nedenes amt manglar og er sjølvsagt då heller ikkje med hos oss. Det same gjeld Maridalen i Aker prestegjeld i Akershus amt. Listene er borte og dei manglar då også hos oss.

Me gjer merksam på at Tønsberg ikkje er med i landsomfattande søk for 1801-teljinga.

Les meir:
Folketeljinga 1801

Framsida | English | Kontakt | Gammel debatt | Ny debatt | Ordlista | Nyttige lenker | Hjelp | Hjelp til nye sider