Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Throndhjems Stift

Johan Nordahl Brun: Visitats-journal 1794-1812

Johan Nordahl Brun vart fødd i 1745 i Bynesset som låg like utanfor Trondheim. Han utdanna seg til teolog, og i byrja som residerande kapellan i Bynesset 1772, og vart sokneprest til Korskirken i Bergen 1774. I 1793 vart han prost over Nordhordland og Voss, og endeleg i 1804, biskop i Bergen stift.

Både medan han var prost og biskop reiste han rundt i Bergen stift. Frå desse turane har han etterlate seg ein protokoll der han har skrive ned opplysningar som gjaldt embedet han hadde, men òg tankar og opplevingar frå desse turane. Han skreiv om kyrkjene og prestegardane, om prestar, klokkarar og «substituttar», og om gudstenestene, men han nøydde seg ikkje med det. Han skildra også naturen, kulturen, og ikkje minst mange av dei menneska han møtte.

Digitalarkivet presenterer her ein scanna versjon av den originale protokollen, ført i pennen av Johan Nordahl Brun sjølv, og ei avskrift av samme frå 1951.

Rettar til den digitale utgåva: Digitalarkivet
WebBok ©Jan Oldervoll 2003