|
Steinhuset på Giske
På 1200-talet hadde ei av dei mektigaste ættene i Noreg herresetet
sitt på øya Giske på Sunnmøre. Her står
enno steinkyrkja, Giskeætta sitt marmorkapell.
I samband med arbeid i og utanfor nokre naust kom ein ned på to
murar som blei tolka som mellomalderske, og det vart gjort utgravingar
tidleg på 1990-talet. Murane viser at det har stått ein stor
steinbygning ikkje langt frå kapellet. Bygningen ligg tett inntil
og delvis under naustrekkja ved steinkyrkja. Berre avgrensa delar av fundamentet
som ligg utanfor dagens naust, er bevart. Det er nordleg yttermur i 10
meter lengde og austmuren i 2,6 meters lengde og ein indre nord–sørgåande
skiljemur.
Yttermurane er jamt over 1,7 meter breie. Skiljemuren var 1 meter brei,
og det var 1,5 meters opning i skiljemuren som viser at det har vore passasje
mellom romma. I alle murane var det brukt kalkmørtel som bindemiddel.
Enkelte stader låg det så mykje kalk utanpå steinane
at det tyder på at innerveggene har blitt slemma.
Bygningen må vere frå 1200-talet, dateringa er basert på
radiologisk datering og karakteristisk murverk frå mellomalderen.
Eit brannlag i bygningen er nærliggande å kople opp mot brannen
i 1264, men bygningen synest vere brukt også etter brannen.
Vi høyrer om brannen i 1264 i ei soge om Magnus Lagabøte.
Han og mora, dronning Margrethe, låg med skip i Steinvågen,
no eit hamneområde til Ålesund, då dei såg garden
brann på Giske. Mennene hans hjelpte til med brannsløkkinga.
”Dei fekk berga den nye garden som Nikolas hadde late gjere, men
den gamle brann”. Den nemnde Nikolas må vere Nikolas Petersson,
det siste mannlege leddet i Giskeætta, han døydde det året.
Steinhuset på Gran
Gran på Hadeland med sine mange kyrkjer, var tydeleg det religiøse
senteret i området. På prestegarden står Steinhuset.
Dei eldste delane er daterte til slutten av 1200-talet. Huset har tre
høgder. Kjellaren har tønnekvelv og bustadrom, høgda
over har bjelketak. Salen i tredje høgda har to ribbekvelv. Salen
hadde direkte inngang frå ein svalgang på eine kortveggen.
Dei ytre måla på bygningen er 12 x 8 meter, langveggene er
9,5 meter høge. Steinveggene er berre om lag 1,2 meter tjukke.
Steinhuset kan vere bygd av prosten i Gran på Håkon Håkonsson
si tid og må ha vore noko utanom det vanlege.
Ikkje langt derifrå står Kastellet, som har vore eit hjørnekastell
i ein ringmur som no er borte. Det har ei grunnflate på 5 x 5 meter
og er minst like høgt, men kan ha vore høgare.
Isegran
Alv Erlingsson let byggje eit borganlegg på den vesle øya
Isegran ved Glomma, nær Fredrikstad. Her kunne mellom anna ferdsla
på elva lett kontrollerast. Det er i dag ikkje noko bevart av anlegget.
På 1600–1700-talet vart det bygd ei festning her, og då
vart alle tidlegare spor fjerna.
Lagmannsstova på Aga
Lagmannsstova på Aga ved Sørfjorden i Hardanger er frå
slutten av 1200-talet. I stova budde truleg riddaren og gulatingslagmannen
Sigurd Brynjolvsson som døydde omkring 1300. Stova har ein høg
steinkjellar som er delt i to rom og med vindauge og døropningar
av kleber. Bygningen er utvending 14,5 meter lang og 8 meter brei. Oppå
halve kjellaren står enno den lafta stova med tømmer på
over 50 cm i diameter. Eit lite stavbygd kapell stod fram til 1810 på
den andre delen av muren. Dette er ei lita utgåve av store kongelege
og høggeistlege residensar, med hall og kapell på ein underetasje
av stein, som vart brukt til lagerrom. Lagmannsstova er eineståande
i dag, det ikkje er bevart andre tilsvarande bygg frå mellomalderen.
Finnesloftet på Voss
Finnesloftet er ein interessant bygning i denne samanhengen, sjølv
om han er bygd i tre. Loftet er frå 1200-talet. Det ligg på
garden Finne på Voss, som i mellomalderen var sentrum for ei stor
samling eigedommar. Dei som budde der, eigde gardpartar i vid omkrins.
Det er eit stort loft, men ikkje større enn det som elles var i
rike privatfolks eige. Finnesloftet er tett knytt til Mikalsgildet og
har nok vore utleigd til bondegildet i den tida.
Finnesloftet er ein stor bygning og med ulike funksjonar i dei to høgdene.
Det er bygd i kombinasjon av lafting og stavverk. Første høgda,
som er sett saman av to samtidige lafta bygningar, er tolka som lagerrom.
Andre høgda, som er bygd i stavverk, har stor festsal og truleg
anretningsrom. Maten vart kokt i andre hus utanfor loftet. Innebygd svalgang
går langs begge langsidene av loftet. I andre høgda kunne
folk hengje frå seg ytterklede og våpen. Inngangen til dei
to romma i første og i andre høgda er frå svalgangen.
Første høgda står på eit steinfundament som
ikkje er samanhengande.
Slottet ved vatnet
Steinbygningen på Hegranes har kneisa fritt på ei lita forhøgning
like ved vatnet, ganske nær elveosen i grenda. Bakanfor bygningen
var det flatt lende, og gardstunet på Hegranes låg frampå
ein låg terrassekant i nordaust.
Neumann har gjeve oss gode opplysningar om dei dels framandarta formasjonane
rundt steinhuset. Supplerer vi med opplysningar hjå Lyder Sagen,
som sjølv rettnok ikkje var på staden, og ser vi på
trekk ved landskapet i dag, kan vi danne oss eit inntrykk av korleis heile
anlegget har sett ut.
Den avlange steinbygningen om lag 22 meter lang og 13 meter brei, har
lege aust–vest på den vesle forhøgninga tett ved Jølstravatnet.
Tidlegare kunne ytterkanten på forhøgninga tydeleg sjåast,
spesielt mot aust der ho danna ein vakker avrunding.
Forhøgninga fortsette i same nivå nordvestover frå
bygningen i ein ca. 6 meter brei jordvoll, og enda i ei åkerreine.
Den breie jordvollen gjekk ut frå den vestre gavlveggen og er tolka
å vere hovudinngangen til bygningen. Rundt forhøgninga og
jordvollen/inngangen var terrenget lågare mot vatnet og dei kunstige
vassarmane.
Ei låg skråning mot vatnet gjekk frå enden av jordvollen/inngangen
vestover til elva og oppover langs denne. I skråninga låg
det mykje åkerstein frå åkrane bakanfor, steinen kan
vere lagd her for at bølgjene ikkje skulle grave i den sandige
grunnen. Kanskje var ytterkanten rundt sjølve forhøgninga
steinsett på same måten. Neumann meinte først at dette
var restar av forsvarsmur, men kom seinare til at det heller var åkerstein.
Ved elveosen hadde elva lagt opp sandbanke. Ei bukt, lokalt kalla løk,
låg mellomforhøgninga med bygningen og elva.
Aust for forhøgninga har det gått ei vassgrav inn frå
vatnet. Dette blei, i følgje tradisjonen, kalla for ”Audun
sin fiskedam”. Vassgrava har vore steinsett i kantane, men mesteparten
av steinane var i 1830 åra velta ut i grava for å vinne inn
meir grasmark. Det er peikt på at jorda herifrå kan vere brukt
til å forhøgje plassen der bygningen står.
Bukta er i dag heilt attfylt og kan knapt anast i det flate terrenget.
Men under postvegen kan ein likevel sjå at terrenget er lågare
der vassgrava gjekk inn frå vatnet.
Det skal ha gått ein steinlagd veg austover frå bygningen,
over vassgrava der ho var på det smalaste, og nordover til gardstunet
på Hegranes. Vegen skulle vere i underkant av 2 meter brei. Vegen
er nemnd hjå Neumann, men er berre avmerkt hjå Sagen.
Frampå ein låg terrassekant rett nordaust for steinbygningen
ligg i dag tunet på Hegranes. Det er rimeleg å rekne det som
tunet på setegarden hans. Utskiftingskartet frå 1861 viser
same plasseringa.
Den snorrette jordvollen nordvestover frå steinbygningen er tolka
som hovudinngangen til bygningen. Det er rimeleg at vegen førde
opp til gardstunet på Hegranes. Og vegen var gjerne stor og brei
for å vere ein stasveg og for å kunne transportere varer.
Kan hende var det ein portal der jordvollen slutta, for å markere
nærområdet til steinhuset. Det skal ikkje utelukkast at vegen
kan ha ført til andre bygningar som Audun hadde på flata.
Det kan likevel synest noko vanskeleg sidan terrenget er lågt og
dermed utsett for flaumar frå elva.
Heile anlegget med steinbygningen og elementa i terrenget er imponerande,
og det er ikkje kjent noko tilsvarande anlegg knytt til stormenn i mellomalderen.
Sjølv om andre brukte stein som byggjemateriale, har vi enno ikkje
funne tilsvarande stor steinbygning som den på Hegranes. Og anlegget
rundt med vassgrav er det ikkje kjent parallell til her til lands.
Ein spesiell bygning?Vi har lett for å tenkje oss mellomalderbygningar
på bygdene som små og låge, men det var nok ikkje uvanleg
med store bygningar for dei som hadde økonomisk evne til det. På
Voss står to store loft, Finnesloftet og Lydvaloftet ført
opp av rike storbønder på 1200 og tidleg 1300-tal. Det kan
ha vore meir vanleg å byggje stort for dei som hadde økonomi
til det enn vi gjerne trur i dag. Tre var det viktigaste byggjematerialet
i mellomalderen. Men det er eit forgjengeleg materiale, og det skal heldige
omstende til for at så gamle bygningar skulle halde seg fram til
vår tid.
Når det gjeld det nye materialet, stein, så var det først
kongen og så kyrkja som bygde i stein, etter impulsar frå
utlandet. Etter 1240 då kongemakta var trygga, sette Håkon
Håkonsson i gang og fekk gjennomført mange byggjearbeid.
Det vart bygd borger og kongelege residensar i byane. Kloster og borger
vart bygde for å verne grensa og sameleis innanlands for å
styrke samferdsla. Han fekk byggje veitslehallar der kongen med følgje
kunne ta inn på reisene sine. Magnus Lagabøte fortsette bygginga
medan kong Erik Magnusson ikkje er kjend for å ha sett i gang store
byggjearbeid.
Kyrkja fekk etterkvart store inntekter og bygde mykje i stein på
1200-talet. Det gjaldt både domkyrkjer ved bispeseta og steinhus
i bispegardane I Bergen og Stavanger vart det også bygd lange steinkjellarar
med trebygning over. Det vart reist ei mengd steinkyrkjer i byane og utover
i bygdene. I Hordaland og Rogaland vart det bygd mange nye steinkyrkjer
på bygdene etter 1240–50, truleg inspirert av byggjearbeida
i Bergen og Stavanger.
Det er her på Vestlandet, i område rundt Bergen, det er kjent
at stormannsslekter bygde høge steinkjellarar med trebygning over.
Dei vart bygde på hovudgardane, setegardane. Vi kjenner nokre døme
ut frå skriftleg materiale, men det kan ha vore fleire slike høge
steinkjellarar. I tillegg laga byborgarar i Bergen og Oslo steinkjellarar,
somme tider i to høgder, for lagring av varer og i viss grad som
bustader.
Bygging i stein var såleis velkjent i samfunnet i siste halvdel
av 1200-talet, og det var stor aktivitet, spesielt i byane. Det treng
såleis ikkje ha vore eit så markert framandelement i tida
om Audun let byggje seg eit heilt steinhus i fleire høgder på
setegarden sin på Hegranes i Jølster. Og det må ha
vore det at dette var ættegarden, som avgjorde plasseringa.
Berit Gjerland
|