English

- Heim
- Oversiktstekst
- Tidslinje
- Slottet til Audun
- Middelalderbygningar
- Rettssystemet i Noreg og Europa
- Det juridiske hundreåret
- Den kunnigaste mannen i landslova
- Lov, det rimelege og fred
- Mytene om Audun
- Eyðuns rima
- Dei eldste opplysningane
- Audun i Regesta Norvegica
 
Sider henta fram sidan 29.11.2002:

Rettssystemet i Norge og Europa

Landslova i 1274, Bylova i 1276, Hirdskrå i 1277 og den islandske Jónsbok i 1281 representerer til saman det største juridiske krafttaket i Noreg i mellomalderen. Lovgjevingsarbeidet på 1270-talet var på den eine sida eit framhald av den statsbygginga som prega Noreg både før og etter borgarkrigane mellom 1130 og 1240. Samstundes kan ein sjå på dette lovarbeidet som eit utslag av strøymingar i europeisk rettstenking i dette hundreåret, og eit resultat av dei store framstega rettsvitskapen hadde gjort i hundreåra før på universitet i Italia og Frankrike.

Spørsmålet vert dermed først kva nasjonale og meir alleuropeiske erfaringar og tankar som prega kong Magnus Lagabøte og stallaren hans, Audun Hugleiksson, medan dei arbeide med landslova vinteren 1273-74? Og deretter vert spørsmålet kva det er med lovarbeidet som gjer at det kan kallast eit storverk i norsk mellomalder?

På Audun Hugleiksson si tid var dommen framleis ein juridisk realitet med offisiell forankring i både den gamle Gulatings- og Frostatingslova, og i Bjarkøyretten for Nidaros. I tidleg norsk mellomalder må ein tenkje seg at konfliktar innan ei ætt vart løyst av overhovudet for ætta. Men konfliktar mellom partar som tilhøyrde ulike ætter måtte enten løysast gjennom valdsbruk, eller gjennom ein dom. Ein dom var rett og slett ein kollegiedomstol som vart sett saman av partane sjølve for å mekla i og avgjere ein særleg konflikt. Dersom dommen ikkje kom fram til ei avgjerd, eller ein eller begge partane ikkje ville godta avgjerda, kunne ein ikkje få noko fredeleg løysing på konflikten, og den vart i staden løyst etter regelen om den sterkaste sin rett.

Med framveksten av kongsmakta vart stadig fleire og fleire delar av rettsvesenet lagde under denne, og dommen gjekk etter kvart over frå å vere ein privat valdgiftsrett til å verte ein del av eit organisert rettsapparat. Eit døme på dette finn ein i den gamle Gulatingslova, der det på Audun Hugleiksson si ungdomstid framleis vert sagt at "folk set lovdommar seg imellom". Men dersom nokon braut dommen skulle både saksøkjar og kongen ha bøter, og sysselmannen ha ansvaret for at domsbrytaren vert stilt ansvarleg for domsbrotet. Slik ser ein at dommen alt då hadde utvikla seg til frå å vere eit organ som bønder og aristokratar sjølve rådde heilt over, til å vere ein del av ei kongeleg rettspleie.

Det fanst to typar dommar. Den fyrste er skiladommen, som på landet vart nytta i tvistemål for å få fakta på bordet. Gjeldssaker var ein sakstype der ein kunne nytte slik dom. Oppgåva til domsmennene vart å avgjere kor stor gjelda faktisk var. Vart ein einige om kor stor gjelda var, følgde rettsverknadene av seg sjølv og valda ikkje særleg juridisk hovudbry: Den summen ein fann bevist at saksøkte var skuldig, skulle betalast tilbake. Den andre typen dom var sættardommen. Slik dom vart nytta når saksfakta var klåre, men ein ikkje var einige om følgjene. I både den gamle Gulatingslova og den gamle Frostatings-lova er sættardommen nemnt i samband med drap. Oppgåva til dommen ville her vere å forhandle fram ei bot som saksøkjar kunne seie seg nøgd med, og som saksøkte og hans frendar kunne sjå seg i stand til å betale.

Tinget er den rettsinstansen ein først og fremst assosierer med norsk mellomalder. Alle som møtte på tinget var domsmenn, og saker vart avgjorde med våpentak, som vil seia at tingmennene slo våpna sine mot skjoldet sitt for å slutta seg til ei domsavgjerd. Ein kan sjå på hirdstemne som sjølve spiren som skulle blomstre som eit ting med dømmande makt. Ei samankalling av alle våpenføre menn har naturleg skjedd i samband med militær mobilisering, der den dømmande funksjonen kom til i samband med brotsverk som forræderi, desertering og ordrenekt. Andre har peika på det nære sambandet mellom rett og religion, der tinget kan ha kome i stand i samband med religiøse seremoniar. Då vert den dømmande makta ikkje nytta til å refse, men til å rette opp ein skade på den guddommelege verds-ordninga når skadevaldaren ikkje frivillig vil gjere rett det som er vrangt. Det ein sikkert kan slå fast er at tinget i alle høve var eit organ med mange funksjonar.

Fordi tinget ikkje åleine var eit rettsleg organ, var det heller ikkje det juridiske som alltid vart avgjerande når ein skulle treffe ei avgjerd i ei konflikt. Rettssaka lendmannen Sigurd Ranesson førde mot kong Sigurd Jorsalfar (kring 1113-15) viste at rein makt var ein vesentleg faktor for å vinne rett. Heile historia byrja med at kong Sigurd etter eit festleg lag gjekk til sengs med Sigrid, ei gift søster til Sigurd Ranesson. Konge og lendmann kom etter dette i ein hissig diskusjon der kongen skulda Sigurd Ranesson for å vere ein tjuv; for han hadde kravd inn finneskatten slik han hadde fått løyve til hos kong Magnus Barfot, sjølv etter at denne var død. Sigurd Ranesson søkte hjelp hos bror til kongen, medregenten kong Øystein, og førde deretter sak mot kong Sigurd Jorsalfar på tinget. Begge kongane møtte på tinget med hærmenn og gjorde det klårt at dei ville bruka våpenmakt dersom avgjerda ikkje gjekk i deira favør. I alle høve fram til den norske høgmellomalderen var det tydeleg for alle at rett òg var eit spørsmål om makt ved sida av å vere eit spørsmål om juss. Fekk ein sak med nokon som stod over ein i makt og ikkje var eins jamnlike, kunne ein ikkje vere sikker på å vinne fram, sjølv om ein hadde lova på si side.

Jørn Øyrehagen Sunde