|
| Scholeusstikket frå 1585. |  | | Håkonshallen i Bergen på 1800-talet. Hallen vart reist som festsal til Håkon Håkonson på 1260-talet. | 2. desember 1302 vart baronen, stallaren og fehirden Audun Hugleiksson,
kongens blodsfrende og fremste sendemann, hengd på Nordnes i Bergen.
Audun var ein dominerande politikar i Noreg i siste fjerdedel av 1200-talet,
og middelalderhistorikaren Fredrik Maccody Lund har kalla han den einaste
politikar av europeisk format som Noreg nokon gong har fostra. Det kan
sjølvsagt vere eit tema for diskusjon, men det er knapt tvil om
at han har vore ein framtredande jurist, sentral i arbeidet med Landslova,
Bylova og Hirdskrå, og på 1280- og 1290-talet i stadig viktigare
posisjonar i statsleiinga.
Audun var fødd i 1240-åra, og hadde slektsrøtene
sine i Jølster i Sunnfjord, der han óg sat med eit omfattande
jordegods. Der bygde han seg óg eit slott, eit av ytterst få
i Noreg. Ruinane av slottet vart gravde
fram i 1934, og synest vise oss ein bygning modellert over Håkonshallen
i Bergen, men halvparten så lang, og halvparten så breid.
Likevel må den ha vore imponerande nok, der den låg framme
på neset mot Jølstravatnet.
Morsslekta til Audun kom frå Austlandet, og er rekna som nære
slektningar av kong Håkon Håkonsson (1204-1263). Faren til
Audun synest ha tilhøyrt lågadelen, men han kan aldri ha
nådd ein høg posisjon. Slektsskapet med kongehuset var sjølvsagt
nyttig, men han tilhøyrde "frille-lina", og ikkje den
som hadde kongelege genar, og det kan ha vore eigna til å bremse
litt på ambisjonane hans.
Noregsveldet
I regjeringstida til Håkon Håkonsson nådde Noreg si
største geografiske utstrekning, og Noreg gjorde krav på
å kontrollere Island, Grønland, dei nordlege og vestlege
delane av Skottland med øyane nord for Skottland, og Færøyane.
På denne tida vart Noreg integrert i Europa i ein mykje høgare
grad enn tidlegare, og kong Håkon fekk mellom anna dottera Kristina
gifta bort til ein spansk prins. I hans regjeringstid tok borgarkrigstida
i Noreg slutt (1240), og kongen la stor vekt på å ”byggje”
fred.
Kong Håkon hadde sjølv sterk interesse for juridiske spørsmål,
og han sette i gang eit arbeid for å få reformert lovene i
Noreg, og unge nordmenn vart sende til universitet i Sør-Europa
for å få grundig utdanning. Audun Hugleiksson må ha
vore mellom desse og har skaffa seg juridisk utdanning, mest sannsynleg
frå Paris og Bologna. Det hadde skjedd stor utvikling i rettsfilosofien
i Europa mellom 1150 og 1250, kalla det
juridiske hundreåret i Europa. Dei nye tankane vart henta til
Noreg. Boka Kongsspegelen vart sett saman på 1250-talet, og den
vart ein vegvisar for utdanninga av prinsar og unge adelsmenn, og har
på mange måtar lagt grunnen for endringane i dei norske lovane.
Vi kan tenkje oss at den unge Audun har vore ein av dei som har fått
opplæringa si på Holmen i desse åra.
Mellom 1269 og 1281 vart dei norske og islandske lovene sterkt reformerte
og til dels nyskapte, og Audun Hugleiksson hadde ei viktig rolle i denne
prosessen. Islandske kjelder kallar han den ”visaste mannen i Landslova”.
Tidlegare hadde kvar del av Noreg hatt sine ”lover” eller
rettare sett av juridiske tradisjonar, samla ved dei lokale ”tinga”,
årlege sammankomstar med både militære, religiøse
og juridiske føremål, der alle frie vaksne menn kunne (og
skulle) ta del.
I prosessen med å reformere lovene 1269-1281 tok kongen til seg
retten til å gje lover, å dømme, og å sjå
til å få fullbyrda dommane. Kyrkja hadde på vide felt
dei same ambisjonane, og motsetningar mellom kongemakta og kyrkja vart
avgjorde gjennom Sættargjerden i Tunsberg i 1277. Erkebispen fekk
gjennom denne avtala omfattande rettar, mellom desse retten til å
lage pengar, noko som normalt var eit reint kongeleg privilegium. Kyrkja
reduserte omfanget av skattar dei skulle betale til kongen, og dei sikra
seg rett til å ha sitt eige rettssystem i spørsmål
som vart omfatta av moral og kristendom.
Gjennom den administrasjonslova (Hirdskrå) som vart vedteken i
1277 vart heile sett av europeiske tradisjonar tekne i bruk i Noreg. Gamle
norske titlar vart skifta ut, mellom anna vart lendmennene gjorde til
baronar. Audun var ein av dei nye baronane, og han fekk sete i kongens
råd. Gjennom fleire tiår gjorde han teneste som advokat (”stallare”)
og skattmeister (”fehirde”) for dei norske kongane Magnus
Lagabøte og Eirik Magnusson. Audun Hugleiksson er ein av dei første
mennene i Noreg som synest ha bygd karriera si på profesjonell dugleik,
og ikkje på rikdom og slekt.
Formyndarregjeringa
I 1280 døydde kong Magnus Håkonsson (Lagabøte) (1238-1280),
og vart etterfølgd på trona av sonen Eirik Magnusson (1268-1299).
Fram til den unge kongen nådde 14 års alder, vart rådet
gjeve fullmaktene til styre i namnet til kongen som eit formyndarstyre.
Dei kom etter kort tid i open og sterk strid med kyrkja, og erkebispen
Jon Raude vart tvinga ut av landet i 1282. I denne striden vart fleire
av dei norske baronane sette i bann av erkebispen. Men sjølv om
Audun Hugleiksson var leiande medlem av formyndarstyret, og aktiv deltakar
i oppgjeret, slapp han reaksjonar frå kyrkja. Det kan ha å
gjere med at han i 1281, midt under striden, gav delar av jordegodset
sitt til kyrkjelege institusjonar.
På 1280-talet hadde Noreg ein ekspansiv utanrikspolitikk. Kong
Magnus hadde på mange måtar vore ein svak herskar, og han
hadde gjeve opp mange av dei krava faren hadde kjempa hardt for. Rådet
prøvde å ta attende det tapte. Noreg hadde tradisjonelt hatt
sterke interesser både på øyane vest og nord for Skottland,
men og i sjølve Skottland. Eit ekteskap mellom den unge norske
kong Eirik og Margrete, prinsesse av Skottland, i 1281 hadde som mål
å sikre norske interesser. Alexander, konge av Skottland og far
til Margrete, døydde i 1286. Då var den norske dronninga
alt død, men hadde etter seg ei dotter prinsesse Margrete Eiriksdotter,
og ho var den skotske kongen sin einaste arving. Etter mange år
med forhandlingar gjekk skottane til sist med på å gjere den
unge norske prinsessa til si dronning, og i 1290 drog den sju år
gamle prinsessa frå Noreg for å ta over sin nye posisjon i
Skottland. Men på overfarten vart ho sjuk, og ho døydde på
Orknøyane. Dei norske krava på inntekter av dronninga sine
skotske rettar, og krav om at den norske kongen skulle arve Skottland
etter dottera Margrete Eiriksdotter, førde Audun på fleire
diplomatiske oppdrag til Skottland og England. Han synest alltid å
ha leia delegasjonen om det var sjansar for store inntekter til den slunkne
norske statskassa. I 1293 forhandla han med den nye skotske kongen John
Balliol, og må då ha vorte utstyrt med det praktfulle seglet
og våpenskjoldet han seinare
nytta. I våpenskjoldet er det i tillegg til ei rose sett inn ein
krans med liljer, eit symbol den skotske kongen gav som heidersteikn til
dei fremste adelsmennene i Skottland, men tydeleg nok og til den norske
sendemannen Audun.
Den norske baronen Alv Erlingsson vart utnemnd til jarl i 1285. Han var
favoritten til enkjedronninga Ingeborg, og han førde sin eigen
utanrikspolitikk, og som sjørøvar overfall og rana han tyske
skuter, og han gjorde militære utfall mot Danmark. Etter at han
i 1287 hadde retta angrep mot hertug Håkon, ein yngre bror av den
norske kongen, vart han landsforvist.
Noreg var i krig med Danmark i åra 1289-1295, og norske styrkar
gjorde fire angrep, i 1289, 1290, 1293 og 1295. I 1287 hadde den norske
kongen og hertugen gjort felles sak med danske opprørarar, skulda
for drap på den danske kongen Erik Glipping i 1286. Audun Hugleiksson
var med på det første hærtoget til Danmark, sommaren
1289. Lite vart oppnådd gjennom krigen, og i 1295 kom det i stand
ei våpenkvile.
Noreg var på same tid i krig med dei tyske byane (Hansaen). Tyskarane
hadde sikra seg vide privilegier under kong Magnus, og det norske Riksrådet
hadde på 1280-tallet prøvd å avgrense den tyske makta.
I 1294 kom det i stand ei avtale mellom Noreg og dei tyske byane, og den
norske kongen måtte gå med på å betale omfattande
erstatning. Audun Hugleiksson var norsk skattmeister, og det vart hans
jobb å finne pengane. Audun hadde vore framtredande medlem av delegasjonane
som forhandla i Skottland, England og Danmark. Det ser ut til at han vart
sendt av garde kvar gong viktige norske finansielle interesser var med.
Dei norske finansane vart ikkje betra gjennom krigane, og dei finansielle
problema auka.
I 1295 leia Audun ein norsk delegasjon til Paris for å forhandle
fram ein allianse mellom Frankrike og Noreg. Franskekongen ville ha allierte
i sin strid med den engelske kongen, som og sat med sterke interesser
i Frankrike. Ei avtale vart inngått i oktober 1295, og Audun gav
løfter på vegne av Noreg som knapt kunne innfriast (300 skip
og meir enn 33 000 soldatar). Men han kom heim frå Paris med 6000
mark Sterling (1200 kg) i reint sølv, og kunne omsider betale ned
den norske utlanlandsgjelda.
Mens han var i Frankrike hadde Audun og forhandla om eit ekteskap mellom
hertug Håkon og ein rik fransk arving. Men dette ekteskapet kom
aldri i stand, og hertugen ekta i 1299 ei tysk fyrstedotter.
Etter 1295 synest Audun ha halde seg meir i bakgrunnen, og for si tid
var han då ein aldrande mann, rundt 50 år. Men han sat framleis
i stillinga som skattmeister. I 1299 døydde kong Eirik, og han
vart etterfølgd på trona av sin bror, hertug Håkon
Magnusson (1270-1319). Berre dagar etter at den nye kongen hadde komme
til makta, vart Audun Hugleiksson arrestert, og han sat dei neste tre
åra i fangeholet i Bergen.
Seint på året i 1302 vart Audun dømd til døden,
og heile godset hans vart då slege under Kongen. Søndag 2.
desember 1302, første søndag i advent, vart Audun avretta
ved henging på Nordnes i Bergen. Med den mest audmjukande av alle
dødsstraffer, synest det klårt nok at han ”den visaste
mannen i landslova” vart avretta for det kong Håkon Magnusson
rekna for brottsverk mot kongen. Men ikkje eit einaste ord er å
finne om kva som var grunnen for den harde straffa, og folk tok til å
leite etter forklaringar. Eit sett av forklaringar er å finne i
folkevisa om Audun, nedteikna
på Færøyane på 1800-talet. Men ingen kan så
langt hevde at dei har funne grunnen til at han vart arrestert og dømd
til døden. Andre stader i Europa finn ein mange eksempel på
"politiske" avrettingar
på denne tida.
Kong Håkon synest ha vore redd for opprør, og han valde
å flytte hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Akershus, der
han i 1300 hadde ferdig eit festningsanlegg. Den utanrikspolitiske lina
vart endra, og den nye kongen knytta sine alliansar austover. Med Audun
Hugleiksson døydde på mange måtar ambisjonane om det
nord-atlantiske Noregsveldet, og Noreg kom snart under utanlandske interesser,
og gjekk inn i ”400-årsnatta”.
I jubileumsåret 2002 er det komme ut ei bok om Audun Hugleiksson
på Selja
Forlag, og stiftinga Sogespelet Audun Hugleiksson arrangerte i august
eit spel bygd
på eit manus forfatta av Edvard Hoem.
|