| På same måte som
historikarane, er folketradisjonen om Audun også særleg oppteken
av lagnaden hans i galgen. Men den lokale tradisjonen omtalar Audun meir
som ein heidersmann enn som ein skurk.
Folkevisene
Det ser ikkje ut til at det nokon gong vart gjeve skikkeleg grunngjeving
for avrettinga av Audun. Ikkje rart då at folk tok til å fabulere,
og det ser ut til at det ikkje kan ha gått mange år før
det vart sett saman eit par viser om dei dramatiske hendingane i Bergen
i åra kring 1300. Og det var vel og naturleg at det vart leita etter
ei felles årsak. Folkevisene om Margrete og Audun vart ikkje nedteikna
før godt ut på 1800-talet, men tekstane må ha vore
vel kjende på Vestlandet gjennom mellomalderen. Professor Gustav
Storm har publisert tekstane, og har òg analysert dei. Han finn
gode haldepunkt for å rekne med at folkevisene er utforma relativt
kort etter at Margrete og Audun vart avretta. Det er gjeve mange detaljar
som ein ikkje kan vente folk vil halde i minnet lenge, til dømes
at Audun si kone var Gyrid.
I begge desse visene er Audun gjort til ein av hovudpersonane. I visa
om Margrete er det han som er framstilt som initiativtakaren til at ho
vart seld, og han har i visa fått ansvaret for at ho kom til Bergen
og gjorde krav på arven sin. Av visene ser ein at Margrete hadde
sympati i folket, og det vert støtta både av seinare tradisjon
og indirekte gjennom eit brev frå 1320, der biskopen i Bergen ville
ha slutt på dyrkinga av ”St. Maritte”. Audun derimot
får ingen sympati i visene. Han vert framstilt som svikar og mordar,
då han drap det nyfødde barnet til Margrete.
Folkevisene om Audun og Margrete har nok fått forme ein viktig
del av ettermælet hans, i alle høve for dei næraste
generasjonane, og dei tema som var framme i folkevisa let seg finne att
i andre versjonar. Det er vel i forlenginga av denne visa at Audun vart
gjort til valdtektsmann, når det hos Absalon Pederson Beyer vert
sagt at han valdtok dronninga frå Skottland. Men det kan ein sjå
som reint oppspinn. Det var ekteskapskontrakt for hertug Håkon Audun
forhandla om i Frankrike, og det ekteskapet vart det ikkje noko av.
Det er tankevekkjande å samanlikne det biletet som folkevisene
teiknar av Audun, med det biletet det gjev av Alv Erlingsson. I kjeldene
var Alv overfallsmann, mordar og sjørøvar. Men folkevisa
gjer han til helt, og han vert framstilt som ”milde-Alv”,
som rett nok seinare vart forvanska til ”mindre-Alv”. Folkevisene
har gjort heltar av den falske Margrete og Alv jarl, som begge ut frå
lovverket nok hadde gjort seg fortente til den lagnaden dei fekk, mens
Audun, som i dei skriftlege kjeldene kjem svært bra ut, i visene
vert framstilt som ein stor skurk
|