|
Det eksisterte opphaveleg ikkje noko oppfatning om kva som var
rett uavhengig av hending eller handling. Tanken var at det skulle
vere eit samsvar mellom det som hadde funne stad, og dei konsekvensane
som hendinga eller haldinga skulle få. Eller sagt på
ein annan måte: Likevekt mellom hendinga eller handlinga på
den eine sida, og den rettslege reaksjonen på den andre.
Ein kan illustrere dette med å visa til den gamle Gulatingslova
kap. 176, der det heiter: ”No firar ein mann seg sjølv ned
i reip, og får bane, då er han sjølv banemannen sin.
Men om andre folk firar han ned i reip, då er dei banemannen hans.
Kongen skal ikkje ha noko for dette, men dei skal bøta mannebot
for han til frendane.” Konsekvensen av at nokon firer ein person
i reip utfor ei fjellhylle, er at det skal betalast full mannebot, som
var ei skadebot som var meint som full erstatning til dei etterlatne.
Det er ein føresetnad at dei som fira vedkomande ned ikkje hadde
meint å drepe han, og difor kan ikkje den døde hamnast, gjerningsmennene
vert ikkje fredlause, og kongen krev ikkje bot. Men likefullt skal dei
bøta full mannebot. Dette kunne vere ei svært tyngjande bot,
sjølv om den endelege summen nok var open for forhandling.
Sett med dei etterlatne sine auge var dette rett og rimeleg, sidan deira
tap var det same om den døde var lurt til å klatre ned i
tauet, eller om han var ein del av eit lag som skulle sanke egg, og om
dei som stod oppe og heldt i tauet mista det fordi dei ikkje hadde tatt
turvande førehandsreglar, eller mista taket fordi det brått
dukka opp ein bjørn. For dei som vart dømde til å
betale mannebot såg det heile annleis ut. Var årsaka til at
dei slepte den at ein bjørn gjekk til åtak på dei og
dei då hadde mista grepet om tauet då dei vart drepne, om
dei ikkje slapp det og sprang sin veg. Men i den gamle Gulatingslova har
ein med berre eit unnatak valt å gje prioritet til tapet til dei
skadelidande framfor dei skadevaldande sitt behov på vern mot å
reelt sett verta straffa for omstende dei ikkje hadde herredøme
over, sidan dette sikra likevekt mellom tap og erstatning.
Motivet for utforminga av til dømes den gamle Gulatingslova kap.
176 må ha vore ”ekvivalens” eller likevektsprinsippet,
der straffa skulle motsvare handlinga som skulle straffast. Det er det
eldste rettferdsidealet ein kjenner frå rettshistoria, og ein finn
det for første gong i Egypt om lag 1500 f. Kr. Når hemnen
framleis spela ein rolle innan strafferetten i den gamle Gulatingslova,
så var nettopp det eit utslag av likevektsprinsippet som rettferdsideal;
når den som drep sjølv vert drepen oppstår den same
skade på begge sider, og i både den gamle Gulatingslova kap.
152 og 171 er drap som hemn for drap ikkje bare halde fram som rettmessig,
men som noko positivt.
I Kongsspegelen er det rimelege gjort til rettferdsideal. Det er mellom
anna formulert i samband med kva sider av mannevit som var nyttigast:
”All rettferdighet og sans for det passende, å kunne skjønne
det rette mål for hva en er hver mann skyldig.” Det vert ved
fleire høve i Kongsspegelen framheva at det rimelege finn ein i
skjeringspunktet mellom sanning, rettferd, fredsæle og miskunn.
Dette biletet er henta frå Davidssalme nr. 85. Det er òg
formulerte av Aristoteles i verket Retorikk frå omlag 350 f. Kr.,
og det rimelege er det andre rettferdsidealet som dukkar opp i rettshistoria.
Til tider kan likevektsprinsippet og prinsippet om det rimelege vere
to sider av same sak. Men dei to rettferdsideala kan gje opphav til ulikt
lydande reglar for same hending eller handling. Dersom ein vender tilbake
til spørsmålet om våde, finn ein i Magnus Lagabøtes
Lands- og Bylov IV-14 ei samanfatning av reglane om uforskyldt drap og
skade i den gamle Gulatings- og Frostatingslova. Som tidlegare nemnt var
dei som uforskyldt har skada eller drepe nokon ikkje dømt fredlaus
eller til å betala bot til kongen, som eit teikn på at ein
skilde mellom våde og viljesverk. Alt her finn ein altså at
likevektstankegongen vert modifisert gjennom at ein vurderer kva som er
ein rimeleg følgje av vådeverk.
Men i Magnus Lagabøtes Lands- og Bylov IV-14 går ein langt
lenger i å ta omsyn til forhold på skadevaldarsida. Denne
lovregelen opnar med å seia: ”Vaadeverk bør med skjønsomhet
forklares, paa hvilken maate de kan indtræffe. Ti i alle tilfælde,
hvor folk utfører noget til sitt eget tarv, eller yder andre hjælp
til nyttige ting, da bør disse vaadeverk bedømmes mildere
end hine, som ikkje skyldes noget nødsfald, men gaaløysa
og stort stuttsyn.”
For det første får ein her eit døme på det
som kjenneteiknar Magnus Lagabøtes Landslov framfor dei gamle norske
lovene: Korleis mange, konkrete rettsreglar vert samanfatta til ein generell
regel. Men det som likevel er mest interessant i denne samanhengen er
at ein her seier at sjølv om skade eller drap har same konsekvens
for dei etterletne, så skal konsekvensane for drapsmennene står
i forhold til den gjerninga dei har gjort seg skuld i. Eller med andre
ord: Ein løftar blikket og ser at det er to partar involvert, den
skadelidande og skadevaldar, og freistar å ”skjønne
det rette mål” for dei begge.
Dette vert for det fyrste gjort gjennom at den som skadar eller drep
noko ved våde aldri skal betale meir enn halv mannebot. Dette er
straffa for slikt som er gjort i ”gaaløysa og stort stuttsyn”,
som å til dømes kasta eit spyd over eit hustak. For den som
derimot gjer skade eller drep medan han gjer ”noget til eget tarv
eller yder andre hjælp til nyttige ting”, som til dømes
å gå på tømmerhogst med nokon, skal bøta
dette med mindre enn halv mannebot.
Prinsippet om det rimelege slik det gjer seg gjeldande i Kongsspegelen
og Magnus Lagabøtes lovarbeid er inspirert av den kristne skuldlæra,
slik den vart formulert i kanonisk rett. Heilt sentralt for dei kanoniske
juristane i mellomalderen var at ein ikkje kunne straffe for noko som
ikkje ein ikkje kunne lastast for. Når det gjeld våde har
ein altså valt å seie at den som utsetter andre for fare gjennom
å gjere unyttige ting, kan lastast noko, og difor kan han òg
dømast til å betale noko i skadebot. Men dersom skaden er
gjort medan ein gjer noko nyttig, må det konkret vurderast om vedkommande
er noko å laste eller ikkje, og dermed om han skal betale skadebot
eller ei. Dette skiljet mellom ulike typar våde vart fyrst hevda
av den store juristpaven Gregor IX i ei av hans mange avgjerder (dekret)
som øvste dommar i den katolske kyrkja, og trykt i den kjende dekretsamlinga
Liber Extra frå 1234. Slike kjende juridiske verk må ha sirkulert
mellom Audun Hugleiksson og dei andre mennene som sat i lovkommisjonen
og utarbeidde Lands- og Bylova på 1270-talet.
I ein lagmannsdom frå 1319 vart Olaf Karl heilt frikjend for skadebotansvar
etter eit søksmål frå brørne Romund og Ottar
fordi han ikkje kunne lastast for mor deira sin død. Dermed ser
ein korleis Audun Hugleiksson og dei andre lovkonsipistande si endring
av rettferdsidealet fekk konkrete, rettslege konsekvensar for einskildindividet.
Den viktigaste konsekvensen var likevel på eit samfunnsplan: Ved
å fjerna risiko for ansvar ved uhell som følgde av samfunnsnyttig
samhandling tok lovkonsipistane vekk ei viktig hindring for slik samhandling.
Dersom ein til dømes risikerer å verta ruinert ved å
involvere naboen for å henta ein sau ut av skorfeste, kan det vera
at ein heller let sauen går utfor fjellhylla og slå seg i
hel. Dersom ein tenkjer tilbake på rettsikonet i manuskriptet av
Magnus Lagabøtes Landslov frå midten av 1300-talet, så
vert det vonde tukta av tyngda av kongetrona. Men det er bare det vonde
som slik skal tynast, for det er det vonde som er årsaka til den
typen uår som Kongsspegelen åtvarar mot. Gjennom å skilja
mellom handlingar som er gjort med vond vilje og uhell oppnår ein
nettopp at bare det vonde vert tukta.
Samstundes har det nok ikkje vore like naturleg for alle dei som ikkje
hadde vorte danna og utdanna med utgangspunkt i verk som Liber Extra,
Glossa ordinaria og Kongsspegelen, slik truleg Audun Hugleiksson var det.
Som sagt ovanfor er tapet det same for dei etterletne, og i deira augo
er det ikkje grunn til å ta omsyn til gjerningsmannen sine interesser.
Men for samfunnet som eit heile svara det seg å skilja mellom våde
og viljesverk rett og slett fordi ein har behov for at den som har valda
skaden eller stole noko skal kunne fortsette sitt liv og fylle si rolle
i sin familie og sitt lokalsamfunn, og ikkje verte avskoren frå
dette på grunn av økonomisk ruin. Det å innføre
eit nytt rettferdsideal i Lands- og Bylova var difor ein dristig manøver,
og fekk store konsekvensar for den rettslege stillinga til både
offer og gjerningsmann.
Jørn Øyrehagen Sunde
|