|
Første søndag i advent er det 700 år sidan
Audun Hugleiksson vart avretta ved henging på Nordnes i Bergen.
Det sette ein brå slutt på ei lang og eventyrleg karriere:
han var sentral i arbeidet med lovgjevinga under Magnus Lagabøte,
hadde ansvar for finansvesen og administrasjon i Noreg, og var den
fremste sendemannen Noreg hadde gjennom lang tid. Audun har vore
kalla den største politikar Noreg har fostra. I år
er Audun heidra med bok og eit spel forfatta av Edvard Hoem.
Denne web-utstillinga om Audun Hugleiksson er laga ved Statsarkivet
i Bergen. Tekstane er skrivne av Yngve Nedrebø, Jørn
Øyrehagen Sunde og Berit Gjerland. Bente Kopperdal og Anette
S. Clausen har hatt ansvar for utforming av web-sidene.
|