|
Når Kongsspegelen legg så stor vekt på lov og rett
som bærebjelkar i samfunnet, og kong Håkon Håkonsson
faktisk nytta rettsvesenet medvite i attreisingsarbeidet etter borgarkrigane,
så var dette heilt i tråd med generelle trekk i vesteuropeisk
historie. Perioden 1150-1250, som langt på veg fell saman med dei
norske borgarkrigane, er kalla det juridiske hundreåret i europeisk
historie. I denne perioden byrja ein på nytt å studere dei
omfattande juridiske skriftene som dei romerske juristane hadde late etter
seg.
Hovudsenteret for denne aktiviteten var Bologna, der ein reknar med at
universitetsstudiet tok til med førelesningane i romarrett i 1088.
Bologna var det mest kjende universitetet i Europa i mellomalderen, men
etter kvart reiste unge stormannssøner òg til lærestadane
i Oxford, Montpellier, Orléans, Paris og Salamanca for å
studere juss. Kjernen i det som skjedde i Europa i det juridiske hundreåret
var at retten vart oppfatta og utvikla til å vere eit tenleg styringsmiddel
for den stadig sterkare kongsmakta. Det som var vunne med militær
makt skulle verte konsolidert gjennom oppbygging av ein administrasjon
tufta på lovgjeving. For å nå dette målet måtte
ein ha eit juridisk fundament å byggje på, og det fekk ein
med verket Glossa ordinaria, som var eit oversiktverk med forklaringar
til heile romarretten. Dermed var grunnlaget lagt for at jussen skulle
verte tilgjengeleg, forståeleg og tilstrekkeleg avansert til at
den kunne tene som eit middel til å hindra uår både
hos konge og undersåttar.
Men ikkje minst hadde ein i romarretten, slik den vart presentert av
universitetsjuristane i Bologna, fått eit førebilete for
alle herskarar med ambisjonar om å utføre eit juridisk storverk.
Dei norske lovkonsipistane var heilt sikkert inspirert av rettsstudiane
ved dei vesteuropeiske universiteta, og Landslova og Bylova vart seinare
målt opp mot romarretten. I denne samanhengen kan ein nemna at kanslaren
Bjarne Lodinsson, som sjølv var ”iuris civilis professor”
etter å ha studert juss i Bologna kring 1292, noko lakonisk sa at
Magnus Lagabøtes Landslov ikkje var så mykje til lov i høve
til det store lovverket til den romerske keisaren Justitian, men så
var lovboka heller ikkje så tjukk.
Neste fase i den juridiske utviklinga var at ein med utgangspunkt i arbeidet
til glossatorane utvikla ein juridisk ekspertise som tok plass i kongar
sitt råd, i dei høgste domstolane, og i diplomatiet. Desse
juristane vert gjerne kalla konsiliatorar, som vil seia rådgjevarar.
Deira oppgåve var å gjere den retten som glossatorane hadde
greidd ut om, brukande i det praktiske rettslivet. Dersom ein på
ny vender blikket mot Holmen i Bergen var, i følgje rettshistorikaren
Gudmund Sandvik, Audun Hugleiksson og dei andre lovkonsipistane nettopp
slike rettslærde konsiliatorar eller rådgjevarar for kongen.
Lovgjevingsprogrammet i Kongsspegelen
Den fyrste bolken i Kongsspegelen tek for seg kjøpmannsrolla.
Den ukjende forfattaren av verket seier alt tidleg at kjøpmannen
som reiser vidt rundt ikkje berre skal skjøtte sitt gebet: ”hver
den stund du får høve til det, skal du tenke på opplæringen
din. Aller mest på lovbøker. For den er en alminnelig erfaring
av de som får kunnskapen sin av bøker, de har mer forstand
enn alle andre (…) For hvis du kjenner lovene, da kommer du ikke
ut for ulov om du får sak å føre med dine jevnlike.”
For å ta det siste først lærer Kongsspegelen at ein
gjennom lovbøker lærer å kjenne lovene slik at ein
kan verne om eigne rettar. Men meir interessant er det at forfattaren
ser ut til å meine at lovkunnskap i seg sjølv var eit god,
rett og slett fordi det gav ein betre forstand. I hirdmannsbolken vert
det forklart kva den forstanden som lovbøker gjev, er god for:
Hindre uår i folket, at seder og klokskap ikkje fekk vekse og bere
frukter. Og faren for slik skade var så absolutt til stades: ”For
alt folket er lunete, og hver er urettvis mot den annen, unntatt de som
både får mannvett og sannsyn av Gud; men det er bare enkelte
menn og ikke mengden av folk”.
Men det var ikkje nok berre å ha forstand. Forstanden må
brukast skjønsamt for at den skal ha ein funksjon i eit bolverk
mot uår. Korleis ein skal forvalte dommarembetet slik at den forstand
lovkunnskap formidla gjennom lovbøker verkeleg hindra uår
i folket, er eit viktig tema i siste bolken i Kongsspegelen som handsama
kongsrolla. Difor skal ein god dom på den eine sida ikkje vere så
mild at den kunne bryte ned respekten for lovene, og på den andre
sida ikkje vere så streng at refsinga ikkje lenger kunne seiast
å vere rettvis. Eller sagt med andre ord: Kongen hadde som oppgåve
å sikre gjennomslag for det som var rimeleg etter nøye å
ha undersøkt grunnlaget for dei rettssakene som vert lagde fram
for han til doms. Men den forstand lovbøker gjev kunne òg
vere til hjelp om eit land først var kome ut i uføret. Då
var det berre ”god lærdom og strenge straffer” som kunne
få riket på fote igjen.
Lovgjevingsprogrammet til den norske kongen er presentert i ein illuminasjonen
i Hardenbergs Codex, som er eit manuskript frå midten av 1300-talet
av Magnus Lagabøtes Landslov i Det kongelege bibliotek i København.
Fortalen i Landslova byrjar med ”Magnus medi guds miskun noregs kngr”,
og i dette manuskriptet er bokstaven M illuminert, som vil seia at den inneheld
ei teikning. Denne teikninga kan ein lesa som eit rettsikon, som vil seia
ein illustrasjon som skal klargjere den rettslege teksten. I dette tilfellet
kan denne teikninga lesast som eit samandrag av heile grunntanken med lovverket.
På den venstre sida av midtstreken i M-en sit kong Magnus Håkonson
på eit opphøgd trone. Under trona står ein svart fugl,
ein basilisk, kampklar men bøygd under vekta av kongetrona. Denne
fuglen kan lesast som eit symbol på det vonde og kaoset som kongsmakta
heldt i sjakk. Med den venstre handa gjev kongen frå seg lovboka.
Den høgre peikefinger vender opp både for åtvare tingmannen
frå å sjå bort frå dei lovene han no har fått
i hende, og for å indikere at lovene òg hadde sin autoritet
frå Vår Herre oppe i Himmelriket. Tingmannen har nettopp teke
steget opp på eit kvitt dyr som er kampklar vendt mot den svarte fuglen.
Dette dyret kan ein lesa som eit symbol på lov og orden, og det er
overrekkinga av lovboka som gjev tingmannen høve til å ta steget
opp i denne opphøgde status av orden. Kongsmakta vert dermed i dette
rettsikonet gjort både til årsak og til garantist for lov og
orden gjennom det at den tukta det vonde med makt, og i visdom frå
Vår Herre gav lover som løfta rettsordenen opp til ein status
av nettopp orden.]
Medviten lovgjeving
I det følgjande skal vi sjå nærare på om lovgjevingsprogrammet
i Kongsspegelen vart gjennomført i lovarbeidet til Magnus Lagabøte,
slik rettsikonet som innleia manuskriptet av Landslova hevda. Det er viktig
å ha klårt for seg at det eigentleg ikkje fanst norske lover
i moderne tyding i det heile før Magnus Lagabøtes lovarbeid
på 1270-talet.
Lov i moderne tyding er ei norm som er vedteken for at den skal regulere
åtferd i framtida, slik at ein på førehand kan avgjere
kva som er rett og urett utan å knyte dette opp til ei særleg
rettssak. Denne tanken ville i mange tilfelle vere umogeleg å forstå
for mennesket i tidleg mellomalder, som ville hevde at ein ikkje veit
kva som er rett før ein kjenner handlinga. Det som ein omtaler
som lover i dag var eigentleg berre rettsavgjerder som ein hadde generalisert
for at dei skulle kunne tene som døme i framtida.
Utviklinga frå rettsavgjerder til meir generelle reglar kan ein
illustrere med å sjå på fyrste del av kap. 195 i den
gamle Gulatingslova. Her heiter det: ”Stikk ein mann ein annan med
staur eller stong eller økseskaft eller spjotskaft, då skal
han bøta halv rettsbot til han, men full rettsbot om han fell i
koll av det. Skubbar ein mann til ein annan, so han snåvar av det,
då skal han bøta full rettsbot om den andre berre fell på
kne. Skubbar ein mann ein annan på elden, då skal han bøta
full rettsbot til han for det”. Ein må tenkja seg at det ved
eit høve har kome opp på tinget ei sak der ein mann ha stukke
ein annan med staur så han dette om. Retten fann det rimeleg at
dette var ei handling den fornærma parten skulle ha full rettsbot
for.
Seinare kom det opp ei sak på tinget der nokon har stukke ein annan
med ei stong. Tingmennene fann ikkje at det å stikka andre med stong
var håret betre enn å stikka nokon med staur sidan skaden
vert den same. Dermed let dei denne handlinga òg verta straffa
med full rettsbot. Etter dette har det heller ikkje vore særleg
tvil om at stikking med økse- eller spydskaft òg vart handsama
på same viset utan vidare drøftingar tingmennene mellom.
Derimot kan det godt vera at diskusjonen vart noko hissigare når
det kom opp ei sak der nokon var stukken utan at han fall om. Det å
stikka nokon er ein uting. På den andre sida er det ikkje så
alvorleg når den stukne ikkje ein gong fell om; slikt må ein
nærast rekna som kjekling. På den andre sida kan slike små
gnissingar leie til slagsmål, og i verste fall drap, og bør
difor ikkje gå upåakta hen. Tingmennene valde difor å
døme gjerningsmannen til halv rettsbot. Dermed hadde ein gjennom
praksis, heilt utan å ha hatt intensjon om det, fått ein rettsregel
som sa at den som stakk ein annan med staur, stong, øks- eller
spydskaft skulle bøte halv rettsbot, men han skulle yte full rettsbot
dersom han stakk så hardt at den stukne fall om.
Teksten i til dømes den gamle Gulatingslova kap. 195 er å
rekne for ein rettsregel, men ikkje ei lov. Ein slik regel utvikla gjennom
praksis var ikkje meint å vere bindande for framtida slik ei lov
er. Dermed er det ikkje naturleg å sjå på den gamle
Gulatingslova som ei lovbok i moderne tyding, men i all hovudsak ei samling
døme på rettvise dommar. Det er på denne bakgrunnen
at ein må vurdere lovarbeidet til Audun Hugleiksson og dei han hadde
med seg: Dei skulle gje lover i eit rike der fenomenet lov og lovgjeving
ikkje var rettsleg etablert.
Det er ikkje dermed sagt at ein ikkje fann døme på lovgjeving
i dei gamle norske lovene, og til dømes leidangsordninga kom i
stand gjennom medviten lovgjeving. Einskilde reglar innan sivilretten
ber òg preg av kongeleg påverknad og lovgjevingsverksemd.
Ei viktig hending i utviklinga mot ei meir utstrakt lovgjeving er lovarbeid
til kong Håkon Håkonsson frå 1260, som av rettshistorikaren
Gudmund Sandvik er kalla ”den første verkelege kongelege
lovgjevinga i Noreg.” Her finn ein mange av dei trekka som danna
rammene rundt lovgjevingsarbeidet på 1270-talet. Men trass i at
denne lova var skjelsetjande, kan den bare reknast som eit første
steg i retninga av den staden der Magnus Lagabøtes Landslov plasserer
seg som eit lovgjevingsarbeid.
Føreordet i Landslova
Kva eit lovgjevingsarbeid vil seia i denne samanhengen kan ein lesa ut
av føre- og etterordet i Landslova av 1274. Her er det for det
første sagt at Landslova var meint som ei lovbok for heile riket,
som var området for kongen si makt, og ikkje for kvart lagdøme
som tradisjonelt hadde vore underlagt lagtinget sin jurisdiksjon. Rett
nok vart landslova presentert på kvart av dei fire lagtinga i Noreg,
men dette vart nok gjort fordi dei var høvelege organ å nytta
til å gjere lovene kjende. Truleg hadde ein tradisjon for at vedtak
på lagtinget vart formidla vidare til dei lågare instansane
gjennom nemndmennene.
Det andre ein skal merke seg er at det heiter at lovboka var meint å
regulere hendingar og handlingar i framtid. Dermed vert det òg
sagt at denne lovboka representerer eit brot med dei gamle ”lovene”,
som var ei samling rettsreglar. Dette vert til dels motsagt i etterordet
til Landslova, der det heiter at ein gjennom lovarbeidet berre hadde redigert
dei gamle lovene. Men i føreordet heiter det at dei gamle lovene
har vorte granska, ”og det ser for oss ut som en i stor utstrekning
kan gi full orskurd med få ord der det før er svært
ordrikt.” Eit av dei viktigaste trekka ved lovgjeving var at ein
generaliserte einskildtilfelle slik at ein fekk vide reglar som skulle
fange opp alle mogelege tilfelle som kan førekome i framtida. Dermed
har mykje av kjernen i lovarbeidet til kong Magnus Lagabøte vore
å gjere dei gamle rettsreglane om til lover.
For det tredje heiter det i føreordet: ”Men somme steder
trenger den [lova] sannelig tillegg der den før på ingen
måte er tydelig enn mange fåkunnige trenger til.” Her
vert det uttrykkeleg sagt at kongen har sett det som si plikt til å
gje nye lover. Årsaka er hans omsorg for dei fåkunnige, og
det er den sjølvstendige arvekongen og ikkje valkongen som talar
når han her indikerer at det står i hans makt å trygge
den rettslege stillinga til dei svake mot dei mektige. Og han gjer det
ved å byggje ut den samfunnsordninga som dei gamle lovene gjev uttrykk
for med å gje nye lover med råd frå sine eigne menn,
og ikkje stormennene som hadde tradisjonelt hevda si makt på lagtinget.
Denne haldninga fekk konkrete utslag gjennom at det i kong Magnus Lagabøtes
Landslov ikkje lenger vert gjort forskjell på personar av ulik stand,
men berre etter alder og kjønn. Det er ikkje med dette sagt at
det vart slutt på den sterkaste sin rett på tinget, men frå
no av var det kongen og kongen åleine som skulle vera den sterkaste.
Det fjerde ein skal merke seg er at på same viset som ein kunne
gjere dei ulike lovene meir oversiktlege og tilgjengelege, har kong Magnus
Lagabøte og hans ”visaste” eller ”skjønnsomste
menn” ordna lovboka etter same idealet. I føreordet vert
ordninga i Landslova forklart, og kvar bolk vert knytt saman slik at dei
står fram som logisk ordna. Kvar lovregel er dermed ikkje berre
ei lausleg samansetjing av tidlegare rettsavgjerder, og lovboka ikkje
lenger ei lausleg samling av slike reglar prega av at det ikkje finst
ei samlande makt har ansvaret for rettsordenen. Denne systematiseringa
til Audun Hugleiksson og dei andre lovkonsipistane var heilt i tråd
med det arbeidet som glossatorane hadde gjort med den romerske retten.
Dersom ein tenkjer tilbake på rettsikonet som innleia det manuskriptet
av Magnus Lagabøtes Landslov som vert kalla Hardenbergers Codex,
vert denne lova verkeleg gjeve av kongen til tingmennene. Og det var ikkje
berre ei lov som vart gjeven, men ei heil lovbok som skulle sikre at ein
ikkje kom ut for ulov. Men det er ikkje berre dette som gjer at Lands-
og Bylova representerte noko nytt. Lovgjevinga opna for at lovkonsipistane
medvite kunne leggje føringar for samfunnsutviklinga etter overordna
ideal, medan danning av rettsreglar berre kunne gjere at kvart einskildtilfelle
kunne få ei rimeleg løysing. Sjølve rettferdsidealet,
og dermed innhaldet i mange av lovreglane, var òg ein del av den
juridiske kontinuitet og revolusjon som lovarbeidet på 1270-talet
representerte. Dette er temaet i det følgjande.
Jørn Øyrehagen Sunde
|