|
Sommaren 1626 gjorde studenten Jon Skonvig ei reise rundt om på
Vestlandet for å registrere fortidsminner i Bergens stift. Oppdragsgjevaren
var den lærde dansken Ole Worm i København, som særleg
interesserte seg for runeinnskrifter.
På reisa si kom han òg til Jølster. Han må
ha komme til prestegarden til den aldrande soknepresten Jacob Hansson
og presentert oppdraget sitt der. Presten må ha ordna det slik at
Jonas vart teken med over elva og til Hegrenes, der han fekk sjå
ruinane på staden som bygdefolket kalla Slòta. Sjølve
ruinen synest ikkje ha gjort sterkt inntrykk på Jon, for den kalla
han berre ein ”Steenhob”. Då var han meir interessert
i den 96 trinn lange og 3 trinn breie steinlagde vegen, som han kalla
”steinbru”, som gjekk frå ruinen og opp i tunet på
garden. ”Steinbrua” var i den lokale tradisjonen knytt til
ein Evind Hestekorn, og Jon har i rapporten referert fleire segner om
denne Evind. Jonas må ha vorte fascinert, for vi ser tydeleg at
han har vore nysgjerrig og han må ha stilt mange spørsmål,
men utan at han fekk skikkelege svar, for han skriv at han ikkje fekk
vite meir. Han laga også ei teikning av ruinen som er vanskeleg
å tolke.
 |
|
Jon Skonevig sine notat gjev oss nokre gode spor. Det er tydeleg at ein
i Jølster i 1626 visste lite om Audun Hugleiksson, som dei kalla
Evind. Dei kjende til ”slottet”, og dei knytte namnet hans
til den steinlagde vegen. Dei kjende folkevisa om at han var avretta for
å ha valdteke den norske dronninga, og dei kjende segna om at han
var kalla Hestakorn av di han skulle vere den første i Noreg som
gav hestane sine korn. Fleire av opplysningane han refererte synest vere
henta frå Absalon Pedersøn Beyer si framstilling.
Utover på 1600-tallet finn vi Slòta nemnd nokre gonger til
i kjeldene, då som rettarstad der dødsdømde blei halshogd
eller brende. Dagbokskrivaren Jens Nilsen Nedrebø (1627-1704) synest
blande saman når han i dagboka si gjer ”Huffleck ” til
prest i Jølster. Det må ha vore smått med reell overlevering
av tradisjonar om Audun i Jølster på 1600-tallet. Og det
er ikkje underleg, for Jølster må ha vore tilnærma
folketom i seinmellomalderen etter den store mannedauden. I 1522 fortel
skattelistene om berre to skatteytarar i Jølster, ein på
Ålhus og ein på Hegrenes. Har bygda hatt lite folk gjennom
fleire generasjonar, har sjølvsagt ikkje vilkåra for overlevering
av munnleg tradisjon vore gode.
Anlegget på 1800-talet
Kyrkja sine menn var interessert i anlegget, kanskje som del av opplysningstida
si ånd. I 1810
sende sokneprest A.Doth ei melding til oldsakskommisjonen i København.
Han fortalde mellom anna om den gamle bygningen på Hegrenes som
var i ruin. ”denne bygning har været oppført af store
stenmasser, de fleste lidet tilhugne; den har været kalkbeslagen
og indrettet med vinduskarme, som endu saaes tegn til ved min ankomst
her til kallet 1784, men disse stenmasser, hvoraf bygningen var oppført,
ere tid efter anden bortførte til de omboendes eget brug.”
Bergensbispen Jacob Neumann (1772-1848) interesserte seg sterkt for arkeologi
og fornminne, og han gjorde mange nedteikningar av fornminne i bispedømmet
sitt. Han stifta Bergen Museum i 1825 saman med W.F.K. Christie. Neumann
vitja Ålhus fleire gangar, gjorde observasjonar og fekk samla mange
opplysningar om ”Aalhus slot”. Første gang var i 1823
og han skreiv om anlegget i Budstikken i 1824. Hans detaljerte skildring
av ruinane er dei eldste vi kjenner til.
Slottsruinane anno 1824
”Omtrent 400 skridt fra prestegaarden, tæt ved vandet og
ikke langt fra Hegrenæselvens udløp, ligge ruinerne af det
gamle, af almuen saa kaldte Aalhus-slot, om hvilket Torfæus fortæller,
at det har vært beboet af Audun Hugleiksson med tilnavn Hestekorn,
der levede i Haakon V Magnussens tid.” - ”Murene af denne
borg, der ligger paa gaarden Hegrenæs’s grund, have endnu
i aaret 1760 været over en mandshøide, og man saa da, hvor
vinduerene havde været, saavelsom de to døre, en i øst
og en i vest, af hvilke, efter sagnet, den ene skal være den, der
nu tjener som hoveddør i den nærliggende Aalhus kirke. Nu
ligger blot det aller nederste af grundstenene tilbage, hvoraf man dog
endu kan se, at bygningen har været 30 alen (nær 19 meter)
i længde og 20 alen (vel 12,5 meter) i bredde. Resten er bortført
til brug for andre bygninger; og i fundamentet til Aalhus kirke og i kirkegaardsmuren
ligge mangfoldige af borgens stene, let kjendelige af den gamle kalk og
det faste cement, der har sammenbundet dem. Paa den nordre kant synes
der at have gaaet grave om denne borg, og mod søen sees endnu tydelig
en befæstning av stene, der strækker sig ud over borgens tomt
i tvende bøide linier, indtil den naar hine grave mot norden, over
hvilke en forhøiet jordvold viser, hvor indgangen til slottet eller
til dets gaard har været. Af ringmuren mod sønden er intet
andet end grundvolden tilbage. Mere er nu ikkje at se af denne merkværdige
fortids-levning!”.
Frå biskop Jacob Neumann si skildring av anlegget i Budstikken i
1824
I 1830 er Neumann atter på plass på Hegrenes og skreiv om
vitjinga i URDA i 1837. Han fortel mellom anna at det vart teke stein
frå borga til bru på den nye postvegen. ”Men Foretagendet
hævnede sig”, skriv bispen. ”De ærverdige Stene
oprørte sig over en saa vanhellig Anvendelse, og styrtede sig med
Oldtidskraft ud af den svage Nutidsbue.” Men brua vart bygd opp
att. Neumann har også med ei nøyaktig teikning, laga av kaptein
J.H. Meidell. Teikninga viser ruinen med omgjevnader, dels slik det var
på den tida og dels slik det var hugsa av ein av dei eldste i grenda.
Dette er eit godt grunnlag for å kunne tolke og rekonstruere heile
anlegget i vår tid.
Lyder Sagen ( 1777-1850) var rektor ved Bergen katedralskule. Han laga
skisse og skreiv i 1837 ned opplysningar om Audun ”Hagbarthsons”
borg som han hadde fått 10-12 år tidlegare av cand. Magister
L.Daae som då var elev ved skulen. Han skreiv mellom anna:
”Slottets Ruiner ere 2 til 3 Alen høie, og bestaar af uhyre
Stene, forbundne med den mærkværdige, steenhaarde Kalk, Bygningen
har tilfælleds med de tydske Ridderborge. Muren er 2 Alen tyk. Slottets
totale Ødeleggelse indtraf i Aaret 1796, da 10 Heste i 3 Dage kjørte
Steen, der skulde bruges til en Kirkemuur. Naar man betænker, at
der ei er meer end omtrent 500 Skridt til Kirken, kan man begribe, hvor
anseelige Murene endog da, vare.” - ”Slottet og alle dets
Udenmærker ere anlagte paa en Slette, formodentlig dannet af den
her roligt udflydende, temmelig store Aalhuus-Elv, der i Flomtiden sætter
en Deel af Slottets Omegn under Vand. Dette derimod ligger lidt høiere
end Sletten og synes i Oldtiden at have været omgivet med Vand,
hvilket de deels tilflydende, deels endnu tilværende Grave vise.
Det maatte overhoved let kunne lade sig gjøre, at sætte endog
Fladen omkring under Vand, deels ved den nære Elv, deels fordi Sletten
ligger saa lavt.”
 |
Teikning frå 1869. Ytst på Hegraneset, der steinhuset
til
Audun stod ser me husmannsplassen til Knut på Slòta. |
I URDA for 1842 har Neumann ein liten notis: ”Aalhus Slot er nu
intet mer mer at see! – Sic transit gloria mundi. At URDA fik optaget
Resterne af dette sjeldne Slots Herlighed, maa den og Historien lykønske
sig med.” I seinare spreidde notisar er det lite nytt i høve
til det Neumann har skrive.
Det vart teke stein til bygging av bruer i 1820-30 åra. Postvegen
frå 1870-talet vart lagt nær vatnet, i ytterkanten av innmarka
og her på Hegrenes vart den ført over nordre del av ruinen.
I dag er postvegen for lengst blitt erstatta med ein ny veg. Og ruinen
ligg dels under postvegen og dels på den vesle grasdekka flata mot
Jølstravatnet.
Etter at ruinen var blitt avflata så varte det ikkje lenge før
det kom bygningar oppå ruinen og seinare tett ved. På eit
bilete frå 1860-åra ser vi husmannsplassen til Knut på
Slòta, husa vart oppførte ein gang etter 1840. Seinare,
ved undersøkinga i 1934 stod det eit naust ved eine hjørnet
i ruinen. Forsenkingar i terrenget viser kvar desse husa stod. I 1934
stod det også ein enkel garasje på ruinen. Etter undersøkinga
kom det opp to bustadhus tett ved ruinen, husa står i dag. Vassgrava
nord for ruinen blei attfylte og borte i samband med dyrking.
|